top of page
Forfatterens bildeBente Lie Nilsen

Løveleikene: Årets høgdepunkt

Stiftinga deler høgdepunkta frå Løveleikane:

Her er lenkje til Trio sine sider der det er mange stemningsfulle bilete fulle av aktivitet. https://il-trio.no/nyheter/loveleikene-arets-hogdepunkt/


Som alltid vart Løveleikene ein festdag utan like, då 87 påmeldte deltakarar med utviklingshemming var samla til friidrettsstemne på Husnes stadion laurdag. Eit velsmurd arrangement gjekk 100 % på skinner og kun blide og begeistra menneskjer var å sjå. Både deltakarar, funksjonærar og andre tilstadeverande.

Det vart “konkurrert” i øvingane kule, liten ball, lengde, 40 meter, 60 meter, i tillegg til ein stasjon med boccia. Ein godt organisert rotasjonsplan gjorde at alle som ville fekk prøvd alle øvingar. Trass i oppfarande vergudar elles i helga, vart vi som vanleg beæra med kjempeflott ver – vindstilt, gløtt av sol og berre ei regnbyge på tampen. Og i kiosken var det gratis pølser og kaffi å få, kva meir kan ein ønskje seg?

Tusen takk til alle involverte og bidragsytarar, frå deltakarar, funksjonærar, til sekretariat, maskotar, kioskpersonale. Samt til Ordin og Husnes Storsenter for lån av maskotdrakter og Trond Martin Bjelland for lån av minibuss til transport. Og til Lions og vår viktige økonomiske bidragsytar Sparebank1-stiftinga Kvinnherad. Utan alle dåke hadde vi ikkje fått det til.Vi kan allereie her og no love at det blir Løveleiker i 2025 også :)




6 visninger0 kommentarer

תגובות


bottom of page